Personvern og informasjonskapslar
Informasjon og erklæring om personvern samt bruk av informasjonskapslar på nettsidene våre.
Behandlingsansvarleg
jjwiig.no blir eigd og drifta av Fra Jone Wiig Gartneri AS via leverandøren vår for utvikling, vedlikehald og drift av nettstaden (sjå nedanfor).
Fra Jone Wiig Gartneri AS ved dagleg leiar er behandlingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på om korleis me samlar inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis me handsamar personopplysningar (personopplysningslova § 18 første ledd).
Fra Jone Wiig Gartneri AS
Vikvegen 140
4343 Orre
Tlf. 90 19 49 69
E-post: jone@jjwiig.no
Databehandlar for nettstaden
Pixa AS er Fra Jone Wiig Gartneri AS sin databehandlar og leverandør for utvikling, vedlikehald og drift av nettstaden. Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstaden, blir lagra på eigne serverar som blir drifta av leverandøren. Det er berre Fra Jone Wiig Gartneri AS, Pixa AS og eventuelle underleverandørar i avgrensa periodar som har tilgang til opplysningane som blir samla inn.
Innsamling av personopplysningar
jjwiig.no samlar ikkje inn sensitive personopplysningar.
Personopplysningar som blir sende til oss via e-post, telefon eller eventuelle kontaktskjema, blir berre nytta til å kontakte deg i samband med førespurnaden din. Opplysningane blir ikkje nytta til noko anna enn det som er relevant for førespurnaden din og eventuelle kundeforhold.
Nettstatistikk
Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar (cookies).
jjwiig.no samlar inn avidentifiserte/anonyme opplysningar om besøkande på nettsida. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som me nyttar til å forbetre og vidareutvikle nettstaden. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukaren kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta.
Me nyttar informasjonskapslar hovudsakleg til trafikkmåling, vern mot spam og optimalisering av innhald og brukaroppleving. Denne informasjonen kan ikkje sporast tilbake til deg som enkeltperson.
Følgjande cookies er i bruk på jjwiig.no:
Korleis slette informasjonskapslar
Dei fleste nettlesarar er stilte inn til å godta informasjonskapslar. Me gjer merksam på at du kan slette desse ved å følgje instruksjonane for sletting av informasjonskapslar i nettlesaren din. Du finn informasjon om dette i «Hjelp»-funksjonen i nettlesaren din. Ver merksam på at avgrensing av informasjonskapslar kan påverke funksjonaliteten på nettstaden.
Dersom du vil fjerne informasjonskapslar (cookies) frå datamaskina di, kan du bruke desse rettleiingane:
Deling av innhald frå nettstaden
Når du deler innhald eller innlegg frå jjwiig.no, blir informasjon lagra der og då hos nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer data vidare, blir regulert av avtalen din med nettsamfunnet. Informasjon om at du har delt eit innlegg blir ikkje lagra hos oss.
Sosiale medium
Informasjonskapslar frå sosiale medium kan bli sette dersom du er logga inn på eitt eller fleire sosiale medium og nyttar ein funksjon eller ei lenkje via nettsida vår som er knytt til ei av desse tenestene. Informasjonen kan også bli nytta til å gi deg relevante tilbod i sosiale medium.
Innebygd innhald frå andre nettsider
Artiklar på denne sida kan innehalde innebygd innhald (til dømes videoar, bilete, artiklar osv.). Innebygd innhald frå andre nettstader oppfører seg på nøyaktig same måte som om den besøkande hadde besøkt nettstaden som innhaldet kjem frå.
Desse nettstadene kan samle inn opplysningar om deg, nytte informasjonskapslar eller byggje inn sporingssystem frå ein tredjepart og overvake kva du gjer via dette innebygde innhaldet. Dette omfattar også sporing av handlingane dine via det innebygde innhaldet dersom du har ein konto og er logga inn på nettstaden.
Samtykke
Når du besøker og nyttar jjwiig.no, samtykkjer du til at me nyttar informasjonskapslar.