Spenstige blomkål

Fiberrik og allsidig

Her i Noreg tenker me vel først og fremst på blomkålsuppe om me skal bruke blomkål i maten, men denne grønsaka kan brukas til så mykje anna enn det. Du kan ete den rå, kokt, steikt eller gratinert. Du kan til og med pulverisera den i kjøkenmaskinen og lage ris av den. Sunt, godt og mettande med høgt fiberinnhald og haugevis av vitamin og mineral, så det er berre å hive innpå!

Er blomkåla i sesong no?

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Spenstige Blomkål

Dei spenstige blomkåla produseres i det me (kanskje litt optimistisk) kan kalla ein litt utvida sommarsesong, det vil seie omtrent frå mai til frosta kjem rundt november.

Best på smak

Dyrka på friland

Gode råvarer = god mat

Kortreist mat

Brent blomkål med blomkål-puré

2-4 porsjoner. Oppskrift frå Arne Nese.

Brent blomkål:

  • 2 heile blomkål
  • Salt
  • Vatn

Slik gjer du:

  1. Reinsk blomkåla for blader og skyll dei i kaldt vatn.
  2. Legg blomkåla i 10% saltlake i 1,5 time (100g salt per liter vatn)
  3. Legg på steikjebrett og bak i omn ved 250 grader i omtrent 35 minutt. Blomkåla skal væra godt bruna, gjerne antydningar til brent. 

Blomkål-puré:

  • 1 stort blomkål
  • 2 dl fløyte
  • 2 dl H-melk
  • Salt
  • Svart pepar
  • Smør – ei høveleg mengd 🙂

Slik gjer du:

  1. Reinsk blomkålet og skjær i bukettar – bruk stilkfestet og!
  2. Legg bukettane i ei eldfast form saman med melk og fløte. 
  3. Bak under lokk i steikjeomnen dei siste 15 minutta av steikjetida til dei brente blomkåla.
  4. Ha i ein blender og kjør til ein glatt puré. Smak til med salt, svart pepar og smør.

Tilbehøyr:

  • Vårlauk
  • Tørrsalta bacon eller flesk, sprøsteikt
  • Godt surdeigsbrød

Slik serverer du:

  1. Legg dei brente blomkåla på eit fat. Blomkålpuréen helles delvis over og ved sida av.
  2. Topp med snitta vårlauk, samt tørrsalta og sprøsteikt bacon eller flesk.
  3. Server eit godt surdeigsbrød til.

Her kan du Kjøpa godsakene

 Du finn grønsakene frå Jone Wiig i Coop-butikkane i Rogaland, samt store deler av Vestland og Agder.