Sjitne gulerøde

– ekstra goe kvalitet!

Slik gulerødene var før i tida!

Sjitne gulerøde held betre på smaken; i det heile smaker dei betre. Når dei i tillegg varer mykje lenger enn dei du kjøper på “laget”, kan du vere sikker på at sjitne gulerøde er det du skal ta med deg heim til kjøleskapet ditt.

Du kjem ikkje til å trega! Vent med å vaske dei til du skal bruke dei. “Dei held seg betre sjitne”, det sa alltid hu mor.

Me følgjer med på trender innan matlaging i inn- og utland og samarbeider med fleire kokkar, deriblant Arne Nese og Heine Grov. Dei nytter våre produkt i si matlaging og utvikler nye og smakfulle rettar og oppskrifter heile tida.

Gulrøtene blir valt ut etter best mogleg smak. Derfor handterer me dei forsiktig når me hentar og pakker dei slik at dei held på den gode smaken.

Er gulrøtene i sesong no?

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Sjitne Gulerøde Sjitne Gulerøde

Sesongen for sjitne gulerøde byrjar i august og varer heilt til april.

Lengre haldbarheit

Best på smak

Kortreist mat

Ekstra god kvalitet

Gulrotkake med ostekrem

10 porsjoner

Du treng:

  • 6 egg
  • 3 ¾ dl sukker
  • 5 dl kveitemjøl
  • 4 ts malt kanel
  • 3 ts natron
  • ½ ts salt
  • 1 ½ ts vaniljesukker
  • 1 ½ dl olje
  • 6 dl rivne gulerøde
  • 150 g hakka valnøtter
  • 150 g rosiner

Ostekrem:

  • 200 g kremost med mandarin/ananas eller naturell
  • 200 g melis
  • 1 ts vaniljesukker

Til pynt:

  • 1 gulrot
  • Valnøtter

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme
  2. Visp egg og sukker til stiv og luftig eggedosis.
  3. Bland mjøl, kanel, natron, salt og vaniljesukker. Tilsett det tørre i eggedosisen vekselvis med olja. Rør varsamt inn gulerøde, valnøtter og rosiner.
  4. Hell røra i ei langpanne (kledd med bakepapir), og steik på rilla nedst nede i 30 minutt. La kaken avkjølast på rista.
  5. Rør saman kremost, melis og vaniljesukker til det har smørbar konsistens. Smør ostekremen over kaka og pynt med gulrotstrimler (du kan lage gulrotstrimler med ein potetskrellar).

Her kan du Kjøpa godsakene

 Du finn grønsakene frå Jone Wiig i Coop-butikkane i Rogaland, samt store deler av Vestland og Agder.