Kraftige kålrabi

Nordens appelsin!

Kålrabi – eller kålrot om du vil – kallast visst for Nordens appelsin fordi den inneheld så mykje c-vitamin. Kålrabi er brukande til mykje meir enn berre kålrabistappe til pinnekjøtet me pleier ha til jul. Den kan bakast, dampast og etast rå.

Kålrabien kan oppbevarast lenger om du gjer det riktig – den liker seg best så langt ned mot 0 grader som mogleg, og med høg luftfuktigheit.

Er kålrabien i sesong no?

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Kraftig Kålrabi Kraftig Kålrabi

Kålrabien er ein kraftkar som har sesong så og seie året rundt. Han tek seg rektignok ei lita dvale rundt påsketider, før han vaknar til liv igjen når sumaren byrjar å nærma seg.

Lengre haldbarheit

C-vitaminrik

Gode råvarer = god mat

Kortreist mat

Kålrabi-franske

2-4 porsjoner

Du treng:

  • 1 stor kålrabi
  • 2 ss olivenolje
  • Salt og pepar
  • 3 fedd kvitløk
  • 2 ss rosmarin

Slik gjer du:

  1. Varm opp omnen på 200 grader
  2. Skrell kålrabien og skjær i avlange stavar.
  3. Ha alt oppi ei bolle og bland godt.
  4. Hell kålrabien i ei langpanne og steik i 25 minutt.
  5. Ta ut langpanna, vend kålrabifranskene og steik videre til dei er gyllenbrune.

Her kan du Kjøpa godsakene

 Du finn grønsakene frå Jone Wiig i Coop-butikkane i Rogaland, samt store deler av Vestland og Agder.