Jille JærBær

JærBær blir dyrka inne i drivhuset på Orre, midt i det jærske matfatet. Her får bæra god tid til å bli modna med nøye regulert klima, varme og lys. Dette resultere med bær som luktar meir, er faste i kjøtet og smakar jysla godt, året rundt.

Spretne agurka

Milde og gode på smaken, og passande til det meste – enten du vil bruke dei i salat, på brødskiva, til fisk eller til dipp. Me produserer og leverer agurkar året rundt!

Spenstige blomkål

Blomkål er både sunt, godt og mettande. I tillegg har dei høgt fiberinnhald og haugevis av vitaminer og mineraler, så det er berre å hive innpå!

Grønsaker i særklasse

Jone Wiig Gartneri held til på Orre, midt i det jærske matfatet. Her har me sandhaldig jord og eit mildt klima, noko som gjer perfekte vekstforhold for godsakene me produserer.

Under Jærens høge himmel dyrkar me blomkål, kålrabi og gulrøter i høveleg stor skala, og inne i drivhusa produseres det agurkar heile året rundt.

Me har vår eigen dyrkingsfilosofi og er levande opptekne av å få fram dei gode smakane i det som veks her. Difor pakkar me óg alle varene på garden før dei vert sende ut til butikkane og forbrukarane, for å ta vare på kvaliteten.

Godsakene våres

Jille Jærbær

JærBær blir dyrka inne i drivhuset på Orre, midt i det jærske matfatet. Her får bæra god tid til å bli modna med nøye regulert klima, varme og lys. Dette resultere med bær som luktar meir, er faste i kjøtet og smakar jysla godt, året rundt.

Spretne agurka

Her i Noreg liker me agurk så godt at det nesten har blitt nasjonalgrønsaken vår. Difor produserer og leverer me dei året rundt. Agurkane er milde og gode på smaken, og passande til det meste!

Spenstige blomkål

Blomkål er sunt, godt og mettande med høgt fiberinnhald og haugevis av vitaminer og mineraler, så det er berre å hive innpå! Du kan ete den rå, kokt, steikt eller gratinert. Du kan til og med pulverisera den og laga blomkålris! 

Kraftige kålrabi

Kålrabi – eller kålrot om du vil – kallast visst for Nordens appelsin fordi den inneheld så mykje c-vitamin. Kålrabi er brukande til mykje meir enn berre kålrabistappe til pinnekjøtet. Den kan bakast, dampast og etast rå!

Er dei i sesong no?

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Jille JærBær
Spretne Agurka
Spenstige Blomkål
Kraftig Kålrabi Kraftig Kålrabi

Følg oss i sosiale medier

 Me er til stades både på Instagram og Faceboka, der me nytter høvet til å fortelja om og syna fram det som veks opp av jorda vår. Me brenn for norsk landbruk, for rein matproduksjon og for kreative måter å nytta produkta våre på. Følg oss og sjå om du ikkje blir ein smule inspirert du óg!

Følg oss på Facebook

Følg oss på Instagram

Her kan du Kjøpa godsakene

Du finn grønsakene frå Jone Wiig i Coop-butikkane i Rogaland, samt store deler av Vestland og Agder. 

JærBær får du kjøpt direkte hos oss i jordbærbuå i Vikvegen 140.