Jone Wiig AS
Gartneriet vårt held til på Orre under Jærens høge himmel, noko som gjer perfekte vekstforhold for det me dyrkar av grønsaker.
Grønsaker i særklasse
På friland produserer me blomkål, kålrabi og gulrøter. Me er blant dei første i landet til å levere desse varene på marknaden på grunn av den sandholdige jorda. Me produserer og agurkar (heilårsproduksjon) i veksthus.
Gartneriet er blant dei største i Noreg og har hatt ei rivande utvikling sidan starten.
Me gjer det naturleg!
Me har vår eigen dyrkingsfilosofi: naturleg bestøving av humler, me bruker ikkje sprøytemiddel, jamn vekst. Til oppvarming bruker me naturgass. Avgassen Co2 bruker me så i produksjonen slik at utsleppa blir minimale. Dette aukar fotosyntesen i plantene som igjen gjer betre produksjon. I tillegg så pakker me alt på garden for å behalde den gode kvaliteten.
På biletet ser du Jone Wiig, som syner fram eit av dei mest populære produkta våres – Sjitne Gulerøde!

Godsakene våres
Sjitne gulerøde
Sjitne gulerøde held betre på smaken; i det heile smaker dei betre. Når dei i tillegg varer mykje lenger enn dei du kjøper på «laget», kan du vere sikker på at sjitne gulerøde er det du skal ta med deg heim til kjøleskapet ditt.
Spenstige blomkål
Blomkål er sunt, godt og mettande med høgt fiberinnhald og haugevis av vitaminer og mineraler, så det er berre å hive innpå! Du kan ete den rå, kokt, steikt eller gratinert. Du kan til og med pulverisera den og laga blomkålris!
Her veks det godt!
Jone Wiig AS
Vikvegen 140
4343 Orre
–
jone@jjwiig.no
Mob. 90 19 49 69
Følg oss på sosiale medier
Me er sjølvsagt til stade både på Instagram og Faceboka, der me nytter høvet til å fortelja om og syna fram det som veks opp av jorda. Me brenn for det norske landbruket, for rein matproduksjon og for kreative måter å nytta produkta våre på. Følg oss og sjå om du ikkje blir ein smule inspirert du óg!