Kraftige kålrabi
Nordens appelsin!
Kålrabi – eller kålrot om du vil – kallast visst for Nordens appelsin fordi den inneheld så mykje c-vitamin. Kålrabi er brukande til mykje meir enn berre kålrabistappe til pinnekjøtet me pleier ha til jul. Den kan bakast, dampast og etast rå.
Kålrabien kan oppbevarast lenger om du gjer det riktig – den liker seg best så langt ned mot 0 grader som mogleg, og med høg luftfuktigheit.
Er kålrabien i sesong no?
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kraftig Kålrabi | Kraftig Kålrabi |
Kålrabien er ein kraftkar som har sesong så og seie året rundt. Han tek seg rektignok ei lita dvale rundt påsketider, før han vaknar til liv igjen når sumaren byrjar å nærma seg.
Lengre haldbarheit
C-vitaminrik
Gode råvarer = god mat
Kortreist mat
Kålrabi-franske
2-4 porsjoner
Du treng:
- 1 stor kålrabi
- 2 ss olivenolje
- Salt og pepar
- 3 fedd kvitløk
- 2 ss rosmarin
Slik gjer du:
- Varm opp omnen på 200 grader
- Skrell kålrabien og skjær i avlange stavar.
- Ha alt oppi ei bolle og bland godt.
- Hell kålrabien i ei langpanne og steik i 25 minutt.
- Ta ut langpanna, vend kålrabifranskene og steik videre til dei er gyllenbrune.