Spretne agurka
Milde og gode på smaken!
Agurken kjem eigentleg heilt frå India, men har blitt dyrka i Noreg i hundrevis av år. Her i Noreg liker me agurk så godt at det nesten har blitt nasjonalgrønsaken vår. Difor produserer og leverer me dei året rundt.
Dyrkinga skjer i drivhus, og grunnen til at agurkane blir pakka inn i plastikk er rett og slett for at dei ikkje skal tørke ut med ei gong du får dei heim.
Dei spretne agurkane frå Jone Wiig Gartneri er milde og gode på smaken, og passande til det meste. Bruk dei til dømes i ein god salat, på brødskiva, til fisk eller til dipp.
Lenger ned på sida her finn du oppskrift på ein smakfull indisk yoghurt-dipp med agurk, vårlauk og chili. Prøv den!
Er Agurkane i sesong no?
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Spretne Agurka |
Det er dei! Spretne agurka produserer me nemleg året rundt i drivhusa våre.
Lengre haldbarheit
Best på smak
Gode råvarer = god mat
Heilårsproduksjon
Indisk yoghurtdipp
4 porsjoner
Du treng:
- 3 dl yoghurt naturell
- 1 agurk
- 2 vårløk
- 1 chili
- ½ ts salt
Slik gjer du:
- Riv agurken på et rivjern. Press ut vatnet.
- Vask og skjær vårløk i tynne skiver.
- Del chilien i to, ta ut frøa og finhakk.
- Blant alt med yoghurten. Smak til med salt.
- La det stå og godgjere seg i kjøleskapet i 30 minutt før det er klart for servering.