JIlle Jærbær
Grævla gode!
bær du bare må smaga
JærBær blir dyrka inne i drivhuset på Orre, midt i det jærske matfatet. Her får bæra god tid til å bli modna med nøye regulert klima, varme og lys. Dette resultere med bær som luktar meir, er faste i kjøtet og smakar jysla godt, året rundt.
Du kan stola på dei. Me plukkar bærå for hand, direkte i begeret. Då får du bær som er ferske, ikkje noko dilldall.
Saman med forskarane på Særheim har me skrudd saman ei lys og varmesyklus som gjer at bæra modnar roleg og held på aromaen. Det er difor dei luktar så grævla godt.
For å halda plantene friske, nyttar me nyttedyr. Det er snille, små hjelparar som tek seg av dei domme dyrå som ikkje er snille mot jordbærplantene. Finn dei ingen domme dyr å eta, et dei like godt kvarandre. Då slepp me å bruke sprøytemiddel – og det syns me er både lurt og heilt greitt.
Dei Jille JærBærå treng ikke så mykje selskap. Enten om du et dei rett frå begeret, deler dei med nokon du likar (eller ikkje deler i det heile tatt), så er dei rett å slett nogen grasat Jille bær.
Jærbær finne du i Jordbærbuå på wiig
| Fredag | Laurdag | Søndag |
|---|---|---|
| 15-18 | 12-16 | 12-16 |
Du finn oss i jordbærbuå i Vikvegen 140. Me glede oss te å sjå deg!
ekstra søde smag
dyrka i belyst drivhus
Naturleg pollinering
Enkelt og godt
Jærbær med hvit sjokoladekrem og hasselsmuler
8 porsjoner
Du treng:
- 800g JærBær
Kvit sjokoladekrem
-
200 g fløyte
-
1 vaniljestong
-
200 g kvit sjokolade
-
Skal av 1 lime
Hasselsmular
-
100 g hasselnøtter
-
50 g rørsukker
-
50 g smør
-
1 ts kanel
Slik gjer du:
- Kok opp fløyte og vaniljestong (vaniljestonga delast på langs, og frøa skrapast ut).
- Hell den kokande fløyta over grovhakka kvit sjokolade. Rør saman til sjokoladen har smelta inn i fløyta.
- Avkjøl litt, og tilset finrive skal av lime.
- Set i kjøleskap i minst 6 timar, eller over natta.
Hasselnøttkjerner hakkast grovt. Legg dei i ei lita eldfast form saman med dei andre ingrediensane.
Steik ved 170 grader i 10–12 minutt.




