Spenstige blomkål
Fiberrik og allsidig
Her i Noreg tenker me vel først og fremst på blomkålsuppe om me skal bruke blomkål i maten, men denne grønsaka kan brukas til så mykje anna enn det. Du kan ete den rå, kokt, steikt eller gratinert. Du kan til og med pulverisera den i kjøkenmaskinen og lage ris av den. Sunt, godt og mettande med høgt fiberinnhald og haugevis av vitamin og mineral, så det er berre å hive innpå!
Er blomkåla i sesong no?
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Spenstige Blomkål | |||||||||||
Dei spenstige blomkåla produseres i det me (kanskje litt optimistisk) kan kalla ein litt utvida sommarsesong, det vil seie omtrent frå mai til frosta kjem rundt november.
Best på smak
Dyrka på friland
Gode råvarer = god mat
Kortreist mat
Brent blomkål med blomkål-puré
2-4 porsjoner. Oppskrift frå Arne Nese.
Brent blomkål:
- 2 heile blomkål
- Salt
- Vatn
Slik gjer du:
- Reinsk blomkåla for blader og skyll dei i kaldt vatn.
- Legg blomkåla i 10% saltlake i 1,5 time (100g salt per liter vatn)
- Legg på steikjebrett og bak i omn ved 250 grader i omtrent 35 minutt. Blomkåla skal væra godt bruna, gjerne antydningar til brent.
Blomkål-puré:
- 1 stort blomkål
- 2 dl fløyte
- 2 dl H-melk
- Salt
- Svart pepar
- Smør – ei høveleg mengd 🙂
Slik gjer du:
- Reinsk blomkålet og skjær i bukettar – bruk stilkfestet og!
- Legg bukettane i ei eldfast form saman med melk og fløte.
- Bak under lokk i steikjeomnen dei siste 15 minutta av steikjetida til dei brente blomkåla.
- Ha i ein blender og kjør til ein glatt puré. Smak til med salt, svart pepar og smør.
Tilbehøyr:
- Vårlauk
- Tørrsalta bacon eller flesk, sprøsteikt
- Godt surdeigsbrød
Slik serverer du:
- Legg dei brente blomkåla på eit fat. Blomkålpuréen helles delvis over og ved sida av.
- Topp med snitta vårlauk, samt tørrsalta og sprøsteikt bacon eller flesk.
- Server eit godt surdeigsbrød til.