Sjitne gulerøde

Sjitne gulerøde held betre på smaken; i det heile smaker dei betre. Vent med å vaske dei til du skal bruke dei. «Dei held seg betre sjitne», det sa alltid hu mor.

Spretne agurka

Milde og gode på smaken, og passande til det meste – enten du vil bruke dei i salat, på brødskiva, til fisk eller til dipp. Me produserer og leverer agurkar året rundt!

Spenstige blomkål

Blomkål er både sunt, godt og mettande. I tillegg har dei høgt fiberinnhald og haugevis av vitaminer og mineraler, så det er berre å hive innpå!

Grønsaker i særklasse

Jone Wiig Gartneri held til på Orre, midt i det jærske matfatet. Her har me sandhaldig jord og eit mildt klima, noko som gjer perfekte vekstforhold for godsakene me produserer.

Under Jærens høge himmel dyrkar me blomkål, kålrabi og gulrøter i høveleg stor skala, og inne i drivhusa produseres det agurkar heile året rundt.

Me har vår eigen dyrkingsfilosofi og er levande opptekne av å få fram dei gode smakane i det som veks her. Difor pakkar me óg alle varene på garden før dei vert sende ut til butikkane og forbrukarane, for å ta vare på kvaliteten.

Godsakene våres

Sjitne gulerøde

Sjitne gulerøde held betre på smaken; i det heile smaker dei betre. Når dei i tillegg varer mykje lenger enn dei du kjøper på «laget», kan du vere sikker på at sjitne gulerøde er det du skal ta med deg heim til kjøleskapet ditt.

Spretne agurka

Her i Noreg liker me agurk så godt at det nesten har blitt nasjonalgrønsaken vår. Difor produserer og leverer me dei året rundt. Agurkane er milde og gode på smaken, og passande til det meste!

Spenstige blomkål

Blomkål er sunt, godt og mettande med høgt fiberinnhald og haugevis av vitaminer og mineraler, så det er berre å hive innpå! Du kan ete den rå, kokt, steikt eller gratinert. Du kan til og med pulverisera den og laga blomkålris! 

Kraftige kålrabi

Kålrabi – eller kålrot om du vil – kallast visst for Nordens appelsin fordi den inneheld så mykje c-vitamin. Kålrabi er brukande til mykje meir enn berre kålrabistappe til pinnekjøtet. Den kan bakast, dampast og etast rå!

Er dei i sesong no?

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Sjitne Gulerøde Sjitne Gulerøde
Spretne Agurka
Spenstige Blomkål
Kraftig Kålrabi Kraftig Kålrabi

Følg oss i sosiale medier

 Me er til stades både på Instagram og Faceboka, der me nytter høvet til å fortelja om og syna fram det som veks opp av jorda vår. Me brenn for norsk landbruk, for rein matproduksjon og for kreative måter å nytta produkta våre på. Følg oss og sjå om du ikkje blir ein smule inspirert du óg!

Følg oss på Facebook

Følg oss på Instagram

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons
3 år sidan
Jone Wiig

Blomkålhaustinga er igang, kanskje i ein Coop butikk i nærheten av deg, jippi😀 #coop #aftenbladet #nytnorge #norgetrengerbonden #jæren #sommer ... Sjå meirVis mindre

Blomkålhaustinga er igang, kanskje i ein Coop butikk i nærheten av deg, jippi😀 #coop #aftenbladet #nytnorge #norgetrengerbonden  #jæren #sommerImage attachmentImage attachment+1Image attachment

16 CommentsKomment

Vi har Jone sine blomkål på Handelslaget, Extra Orre og🤩🇳🇴🇳🇴🇳🇴

Er kjempegodt m nye blomkål 👍👍

Flotte og fristende står de der🍀🍀🍀🍀

Då blir det snart heimelaga blomkålsuppe 😋😋😂

Norske blomkål e bare så godt-ein glede å sjå dei i butikken i dag👌🇧🇻

Mega Bryne har dei😊😊👍

Ja det er godt,Helga 😃☀️🌾

Glede 🤩dei smakte nydeleg 👌

Såg flott ut Jone 😀😀

Fantastisk flotte 👍

Glede meg 😚👏

Amazing !!!

Gleder meg 😛

Gler meg 😊

👍

Fantastisk flotte blomkål Jone gratulerer med innhøstingen 🍀👍😊🚜🌞

View more comments

4 år sidan
Jone Wiig

Fytti så heldige me er, alt me får vær med på, me glede oss til oktober🍻🤪🥕Stas med en hel dobbelside i dagens Stavanger Aftenblad. 🙂 Utrolig flott at våre jærske/lokale leverandører får sin fortjente omtale🤩 ... Sjå meirVis mindre

Fytti så heldige me er, alt me får vær med på, me glede oss til oktober🍻🤪🥕

3 CommentsKomment

Dere er så vanvittig innovative. Respekt

Digger dere! 🤩

🤗🤗

5 år sidan
Jone Wiig

Me har god tru på framtida og går eit spanande og travelt år i møte! 🌱 No treng me fleire gode folk på laget, og søkjer etter ein Produksjonsansvarleg som kan gå rett inn og bidra. Fast stilling og fleksibel arbeidstid.

Søk innan 15. april. Del gjerne!
... Sjå meirVis mindre

Me har god tru på framtida og går eit spanande og travelt år i møte! 🌱 No treng me fleire gode folk på laget, og søkjer etter ein Produksjonsansvarleg som kan gå rett inn og bidra. Fast stilling og fleksibel arbeidstid.

Søk innan 15. april. Del gjerne!

0 CommentsKomment

Vis fleire

Her kan du Kjøpa godsakene

 Du finn grønsakene frå Jone Wiig i Coop-butikkane i Rogaland, samt store deler av Vestland og Agder.