Jone Wiig AS

Gartneriet vårt held til på Orre under Jærens høge himmel, noko som gjer perfekte vekstforhold for det me dyrkar av grønsaker. 

Grønsaker i særklasse

På friland produserer me blomkål, kålrabi og gulrøter. Me er blant dei første i landet til å levere desse varene på marknaden på grunn av den sandholdige jorda. Me produserer og agurkar (heilårsproduksjon) i veksthus.

Gartneriet er blant dei største i Noreg og har hatt ei rivande utvikling sidan starten.

Me gjer det naturleg!

Me har vår eigen dyrkingsfilosofi: naturleg bestøving av humler, me bruker ikkje sprøytemiddel, jamn vekst. Til oppvarming bruker me naturgass. Avgassen Co2 bruker me så i produksjonen slik at utsleppa blir minimale. Dette aukar fotosyntesen i plantene som igjen gjer betre produksjon. I tillegg så pakker me alt på garden for å behalde den gode kvaliteten.

På biletet ser du Jone Wiig, som syner fram eit av dei mest populære produkta våres – Sjitne Gulerøde!

Godsakene våres

Sjitne gulerøde

Sjitne gulerøde held betre på smaken; i det heile smaker dei betre. Når dei i tillegg varer mykje lenger enn dei du kjøper på «laget», kan du vere sikker på at sjitne gulerøde er det du skal ta med deg heim til kjøleskapet ditt.

Spretne agurka

Her i Noreg liker me agurk så godt at det nesten har blitt nasjonalgrønsaken vår. Difor produserer og leverer me dei året rundt. Agurkane er milde og gode på smaken, og passande til det meste!

Spenstige blomkål

Blomkål er sunt, godt og mettande med høgt fiberinnhald og haugevis av vitaminer og mineraler, så det er berre å hive innpå! Du kan ete den rå, kokt, steikt eller gratinert. Du kan til og med pulverisera den og laga blomkålris! 

Kraftige kålrabi

Kålrabi – eller kålrot om du vil – kallast visst for Nordens appelsin fordi den inneheld så mykje c-vitamin. Kålrabi er brukande til mykje meir enn berre kålrabistappe til pinnekjøtet. Den kan bakast, dampast og etast rå!

Her veks det godt!

Jone Wiig AS

Vikvegen 140
4343 Orre

jone@jjwiig.no
Mob. 90 19 49 69

Følg oss på sosiale medier

Me er sjølvsagt til stade både på Instagram og Faceboka, der me nytter høvet til å fortelja om og syna fram det som veks opp av jorda. Me brenn for det norske landbruket, for rein matproduksjon og for kreative måter å nytta produkta våre på. Følg oss og sjå om du ikkje blir ein smule inspirert du óg!

Her kan du Kjøpa godsakene

 Du finn grønsakene frå Jone Wiig i Coop-butikkane i Rogaland, samt store deler av Vestland og Agder.